Bankkonto for ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane

Alle bedrifter treng ein bankkonto. Denne blir brukt til å setje inn pengar som de tener og til å betale rekningane til bedrifta. Når de har motteke organisasjonsnummer frå Brønnøysund kan de opprette bankkonto. Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane og Sparebanken Sogn og Fjordane har tilrettelagt prosessen for Ungdomsbedrifter og Studentbedrifter.

De står fritt til å nytte den banken de ynskjer. Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane og Sparebanken Sogn og Fjordane har ein avtale som vil gjere det enklare for bedriftene å opne ein bedriftskonto.

Link til Sparebanken Sogn og Fjordane: https://www.ssf.no/bedrift/starte-eiga-bedrift/ungt-entreprenorskap-ue/

Vel ungdomsbedrifta ein annan bank har Finans Norge (FNO) utarbeida eit informasjonsskriv til bankar som ikkje veit kva Ungdomsbedrift / Studentbedrift er. De kan vise det til banken om de treng meir informasjon for å opprette konto. Informasjonsskrivet ligg HER.  

Vi anbefaler dykk å kontakte bankfilialen FØR de besøker banken, enten ved å ringe eller ved å sende ein mail. Kontakt den av filialane som passar best for dykk og sett opp eit møte med en kunderådgjevar. Sparebanken Sogn og Fjordane har filial i de fleste kommunane i fylket.

www.ssf.no

Dette må de ha med dykk i banken :

  • Ungdomsbedrifta/studentbedrifta sine vedtekter
  • Avtale med ansvarleg lærar (UB) / Avtale med dagleg leiar (SB)
  • Legitimasjon for alle elevane som skal signere/underteikne kontoavtalen
  • Utskrift frå Enhetsregisteret (Brønnøysundregisteret)

Kontoavtalen som ein får i banken, skal signerast av dei elevane som etter vedtektene har signaturrett. Sjå punkt 4c i dykkar vedtekter om kven som har signaturrett. Lærar (kontaktperson) skal ikkje behøve å signere. Kontoen vert gjort opp ved avvikling av ungdomsbedrifta / studentbedrifta.

Økonomiansvarleg eller andre som har myndigheit frå bedriftseigarane/deltakarane etter avtale med banken, kan disponere bedriftskontoen åleine blant anna via Nettbank Bedrift og/eller Bedriftskort med Visa.

Ungdoms- og studentbedrifter som opprettar bedriftskonto i Sparebanken Sogn og Fjordane får kr. 500,- direkte på konto i form av oppstartskapital frå banken.